Søk i denne bloggen

tirsdag 17. januar 2012

To uker er gått

Verandastund i ettermiddagssol
Kvar dag minner vi oss på å nyte sola. Ikkje klage over svetteringar og solkviser. Vi har det veldig bra.

Siv Irens dagsplan:
08.30 tuk-tuk (moped med campingvogn) sjåføren venter utanfor for å køyre Siv Iren til felten. 40 minutt gjennom eksos og trafikkstøy, til ein tamilsk bydel. Film fra tuk-tuk tur kjem seinare. 
09.30- 14.00 Intervju 
14.00 tuk-tuk tur heim. Køyrer innom Crossroads for rice and curry take-way. 

Nicos dagsplan:
08.30 Står opp. Drikker kaffe på verandaen. Trekker pusten djupt og nyter livet.

Antikkbutikk!
I dag oppdaga vi ein liten antikvitetsbutikk i nærleiken, med flotte møbler, kunst og gamle dører. Døra var stengt, men vi skal prøve igjen ein annan dag. Hjartet hamra og vi er nesten redde for å gå inn - i tilfelle vi skal falle pladask for eit eller anna som er stort, tungt og dyrt.. Men den sjansen får vi heller ta. Sri Lanka er eit eldorado for antikkelskarar, og folk med auge for flotte treutskjæringar. For den som har penger på bok er det berre å fylle ein containar og sende han sjøvegen. 


 


1 kommentar: